God sommer !
I nesten 5 år dirigerte Kjetil Høidal Florø Hornmusikk. Hornmusikken takkar Kjetil Høidal for det musikalske løftet som han har gitt korpset. Dirigentstokken gjekk etter NM 2010 til Torgeir Halvorsen.
I vår har Florø Hornmusikk hatt ulike speleoppdrag. Torsdag 18. mars vart GDF Suez sin forsyningsbase til Gjøa feltet utanfor Florø opna. Florø Hornmusikk var med å skape stemning under den høgtidlige opninga.
Laurdag 20. mars var det speling ved bomstasjonen på Svarthumle. 15 år med bompengeinnkrevjing på riksveg 5 mellom Florø og Førde er no endeleg over.
Laurdag 1. mai var det tradisjonell feiring med speling på institusjonar i Florø og tog i Sentrum. Dagen vart avslutta med arbeidersongar og marsjar.
I høve markeringa av Florø sine 150 år med bystatus, reiste korpset og jubileumskomiteen på tokt med M/S Atløy. Turen gjekk til Flokeneset og Sauesundet i jubileumshelga den 13. mai. Desse stadane kjempa i si tid om å få bystatus på lik linje med Florelandet. Den 15. mai var det speling i høve avdukinga av statua Sildeguten, ei gåve gitt til byen av utflyttarane frå Florø. På sjølve jubileumsdagen den 16. mai, marsjerte Florø Hornmusikk gjennom Florøs gater for å gje lyd til det storslåtte kostyme opptoget. Ulf Rosenberg, kommunikasjons direktøren i GDF Suez, var i Florø grunna jubileumet. Han stilte på kort varsel sporty opp som vikar på trombone og gjorde ein fin figur.
Søndag 9. mai og torsdag 13. mai var det speling då nokre cruiseskip hadde anløp.
Nasjonaldagen starta som vanleg med morgon prosesjon frå Florø kyrkje kl 07.00. Etter ein god korpsfrukost var det tid for barnetog med avslutning Florø kyrkje, ved minnestøtta over dei falne frå krigen. Så stod barnetoget på Krokane og ei markering på Torvmyrane skule for tur. Borgartoget kl 16.00 vart nasjonaldagens siste oppdrag.
Torsdag 27. mai inntok det nyskipa skulekorpset Floraskulen Brass Band scenen i kinosalen på Flora samfunnshus for fyrste gong. Dei var inviterte av Florø Hornmusikk som presenterte sitt program før skulekorpset avslutta felleskonserten med imponerande framføringar med jubel frå salen og ståande applaudering. Link (youtube)
Sesongen vart avslutta fredag 28.mai med eit sosial lag om kvelden og eit siste speleoppdrag lørdag 29.mai på opninga av Florø Friidrett festival.
Florø Hornmusikk ønsker alle ein riktig god sommarferie.
